Tverrforbindelsen er vegforbindelsen mellom E39 og rv. 44 ved godsterminalen på Ganddal i Sandnes kommune. Denne vegforbindelsen er delt opp i to prosjekt og blir bygd ut i to etappar.
- Første etappe går frå rv. 44 ved Skjæveland til fv. 505 ved Foss-Eikeland
- Andre del av Tverrforbindelsen går frå fv.505 ved Foss-Eikeland til E39 på Bråstein
Tverrforbindelsen blir finansiert gjennom bompengepakken på Nord-Jæren.
Den nye vegforbindelsens hovudmål er å få ein effektiv forbindelse mellom E39 og målpunkter på Jæren. Vegen er spesielt viktig med tanke på gode forhold for gods- og næringstrafikk mellom E39 og godsterminalen på Ganddal, og den skal støtte opp under mål i NTP om at meir gods skal flyttast fra veg over til jernbane. Vegprosjektet skal i tillegg til biltrafikken, også sikre gode løysingar for gåande og syklande i denne aust-vest-forbindelsen.
Tverrforbindelsen blir planlagt for Rogaland fylkeskommune, men veganlegget skal ha ein standard som gjer at vegen kan bli overført til riksvegnettet etter at han er ferdig bygd.