Aukande trafikk på riksvegen gjennom Volda og Ørsta sentrum gjer det nødvendig å avlaste og tilretteleggje vegen mellom dei to stadane. Den auka trafikken fører til redusert framkomst og miljøulemper for dei som bur langs vegen og dei mjuke trafikantane.

For å møte utfordringane arbeider Statens vegvesen, Møre og Romsdal fylkeskommune, Volda kommune og Ørsta kommune saman om å utvikle ei felles samferdselspakke. Samferdselspakka skal inkludere prosjekt i begge kommunane og føreset delfinansiering med bompengar.