Statens vegvesen skal nytte store deler av tunnelmassane i Granvin til vegutbygging. 130 000 m3 skal mellom anna nyttast til store vegfyllingar på strekningen Mønshaug–Palmafoss. Granvin kommune skal overta overskytande volum, om lag 50 000 m3.

Tunnelsteinen i Vangstunnelen er av dårleg kvalitet, men kan nyttast til utfylling. Noko skal mellom anna fyllast ut i Vangsvatnet i følgje godkjent reguleringsplan. Det er fleire alternativ for bruk av overskytande stein. I reguleringsplanen er det mellom anna vist til utfylling av industriareal på Istadmyrene.