Statens vegvesen Region vest har ansvar for planlegging, bygging og gjennomføring av prosjektet.

I tråd med Plan og bygningslova er kommunane formelt planansvarleg.

Statens vegvesen Region vest har ansvaret for gjennomføring og bygging av Vossapakko. Anleggsarbeida vil bli lyst ut som entreprisar; førebels tenkt gjennomført som einingspriskontraktar.

På grunn av storleiken er prosjektet definert som "stort prosjekt" og ansvaret for byggeplanlegging og gjennomføring er lagt på regionsnivå. Sentralt styringsdokument for Vossapakko er utforma i samsvar med Finansdepartementet sin rettleiar "krav til innhaldet i det sentrale styringsdokument" og Statens vegvesen sin "Mal for sentralt styringsdokument".