Bompengedelen på 600 mill. kr er føresett finansiert med to bomstasjonar. Ein på E16 ved grensa mellom Vaksdal og Voss kommunar og ein på rv. 13 ved grensa mellom Granvin herad og Voss kommune. Bomstasjonane vert ubemanna.

Betalande trafikk 5040 ÅDT i 2008. Takst utan rabatt 40 kr for liten bil og 80 kr for stor bil. Rabattar i tråd med takstretningslinene.

Det er føresett ein "timesregel" slik at køyretøy med AutoPASS-brikke, som passerar begge eller den same bomstasjonen i løpet av 1 time betaler berre for ei passering. 

Samla kostnad
Vossapakko har ein kostnad på 1130 millionar (2009)-kroner som skal brukast til ulike utbyggingstiltak på E16 og rv. 13.