I førjulstida for tre år sidan blei Vangstunnelen opna, og vossingar fekk ein ny kvardag. Mellom 3-4000 køyretøy kører gjennom tunnelen kvar dag. Køyretøy som elles ville køyrd gjennom sentrum.   

– Vi brukte litt tid for å bestemme oss kva vi skulle gjere. Det viktigaste og beste er Sverresplass. Eg er sikker på at det blir ein fin plass for folk å vere, seier prosjektleiar Lars Magnar Røneid.

Mykje engasjement

I 2009 blei det vedtak på stortinget. I 2012 blei det sett ned ei arbeidsgruppe med personar frå Voss kommune og Statens vegvesen som skulle prioritera kva tiltak som skulle gjerast.

– Sverresplass har skapt mykje engasjement. Eg trur eg kan seie at ueinigheitar har ført til gode diskusjonar, seier ingeniør i Statens vegvesen, Jostein Vandaskog.

Litt forandringar har det vore undervegs. To tilsette i Voss kommune har pensjonert seg og Statens vegvesen har takka av to byggjeleiarar, meda den tredje har ført prosjektet trygt i hamn.

– Eg tillét meg å sitere ein byggjeleiar: Vossingar vil ha alt nytt og fint, men alt skal vere som det var, fortel Vandaskog.

Frå gjennomfartsveg til sentrumsgate

Ordførar Hans Erik Ringkjøb fekk æra av å klyppe snora under den offisielle opninga. Han innrømte også at Vandaskog hadde rett om vossingar.

– Om de hugsar korleis det såg ut på Sverresplass så var det ein trafikkmaskin. Her var det hardt med mykje asfalt. No er det blitt ein møteplass. Voss har blitt eit varmare sentrum. Det har blitt løfta til nye høgdar, skrytte Ringkjøb.

– Mange går gjennom Vangen kvar einaste dag. No er det blitt betre ljos, breiare fortau og det er sykkelparkering fleire stader. Sentrum er ikkje berre for gåande eller køyrande, men for begge.

Ringkjøb oppmoda innbyggjarar og tilreisande om å bruka Vangen endå meir, sånn at dei får eit levande sentrum.

 

Del 1 av Vossapakko er no ferdig, og del 2 står att. Sjølve Jobergtunnelen er open for trafikk, og riksveg 13 ved Holven er klar i løpet av sommaren 2018.