Målet var å ferdigstille heile veganlegget i løpet av 2017, men diverre har oppbygging av vegen etter utglidinga på riksveg 13 ved Holven teke lenger tid enn planlagt.

– Det viktigaste i prosjektet, som var rassikringsdelen, er opna. No gjenstår det å rydda og ordna riggområde, fylle alle cellene med stein, fylle opp rasgropa på innsida av den nye vegen, seier prosjektleiar for Vossapakko, Lars Magnar Røneid.

Ein del av vegen frå Holvenkrysset og sørover må masseutskiftast. Det vil seie at ein tek vekk stein i vegbana og legg lettklinker (leca) i staden.

  • Oppføring av tørrmurar langs cellespunt
  • Asfaltere, merke, skilte, rekkverk skal på plass.
  • Fjerne omkøyringsveg
  • Rydde og sette i stand sideareal/ riggområde
  • Planering og tilsåing
  • Ferdigstilling av anlegget til våren
  • Oppstart etter påske, det vil seie byrjinga av april

 

Det er framleis uklart om det vert bygga ein omkøyringsveg sør om eksisterande omkøyringsveg for å kunne jobbe fritt med masseutskiftinga, eller om riksveg 13 vert stengd nokre dagar meda arbeidet pågår.

Alt skal vere ferdig i løpet av juni 2018.