I september 2017 sleppte dei fyrste bilane gjennom Jobergtunnelen. Vegen ved Holven sto framleis att å få bygt opp etter det i april 2016 var ei omfattande utgliding i Granvinsvatnet.

Frå miljøtunnel til fjelltunnel

I den opphavelege Vossapakko var det inkludert ein kort miljøtunnel forbi busetnaden ved Vassenden. Då det gjekk eit ras i Joberget vart det bestemt å omregulere miljøtunnelen til ein to kilometer lang fjelltunnel. Tunnelen er bygt som ein del av Vossapakko og er delvis bompengefinansiert.

Store utfordringar

I september 2015 starta anleggsarbeidet opp, og i juli 2016 var det gjennomslag i tunnelen. Den 15. september 2017 køyrde den fyrste bilen igjennom. I juni 2018 er også den nye vegen langs Granvinsvatnet på plass.

– I utgangspunktet var det ei stor utfordring i prosjektet, nemleg påhogget på Holven, der arbeidet med å sprenge seg inn i fjellet skulle begynne. Her måtte det byggjast tunnel i lausmassar i 110 meter lengde. Det hadde ikkje skjedd tidlegare i Norge, seier prosjektleiar Lars Magnar Røneid.

Før dei var ferdige, oppstod det ei endå større utfordring; utglidinga i Granvinsvatnet.

Bygging av ny veg

120 meter av riksvegen rasa ut i vatnet. I raset forsvann to store gravmaskinar på 30 tonn. Heldigvis var det berre materielle skader.

Maskinene er komne på land og ein ny riksveg og landområde er på plass. Vegen ved Holven har blitt bygt opp med store stålkonstruksjonar, som no er grunnlaget for vegen.

Ni år med bygging

Den opphavelege Vossapakko er gjennomført innanfor kostnadsoverslaget. Rv. 13 Jobergtunnelen er blitt dyrare på grunn av utglidinga i Granvinsvatnet. Totalt er det investert ca. 2,1 milliardar kroner i veganlegg i Voss og Granvin gjennom Vossapakko.

– Fredag 29. juni klokka 12.00 vil vi klyppe snora ved den nye vegen, og trafikken på riksvegen kan atter rulle som før langs Granvinsvatnet, seier Røneid.

Med det er rassikringsprosjektet rv. 13 Jobergtunnelen ferdigstilt. Det vert samstundes sett sluttstrek med ni år med vegbygging i regi av Vossapakko.