Køyretøyopplysningar er ei open teneste der alle kan finne opplysningar om eit kjøretøy. Kilometerstand finn du ved å logge inn på Di side.

Køyretøyopplysningar viser blant anna status for EU-kontrollar, merke, modell, mål, vekt og utsleppsdata, motortype, effekt og kva drivstoff køyretøyet bruker. Du finn også dato for registrering og førstegongsregistrering. Opplysningane hentar vi frå køyretøyregisteret. For å finne opplysningar om eit køyretøy treng du eit registreringsnummer, eit understellsnummer eller eit personleg bilskilt. I tenesta er det lenka til Di side der du kan logge inn med BankID og også finne eigaren av køyretøyet og kilometerstanden på køyretøyet.

Avgrensingar i oppslag og tilgjenge

Opplysningane kan vere opptil 24 timar forseinka, dersom nokon andre nyleg har søkt på same køyretøy.

Du kan ikkje søkje på meir enn 30 køyretøy per time frå same IP-adresse. Denne avgrensinga er for å sikre at systema våre er tilgjengelege for andre brukarar og saksbehandlarar. 

Kontakt oss dersom opplysningar ikkje stemmer

Meiner du at det er opplysningar som ikkje stemmer, eller ikkje samsvarer med opplysningar i vognkortet, ta kontakt med næraste trafikkstasjon slik at vi kan sjekke køyretøyet nærare og eventuelt oppdatere data i registeret.

Har du tekniske spørsmål om bruk av tenesta, ta kontakt med oss så vi kan hjelpe deg.

Slik finn du eigaren av eit køyretøy

Namn på eigar av eit køyretøy visest ikkje på opne sider av personvernomsyn. For å sjekke kven som eig eit køyretøy, kan du logge deg inn på Di side eller bruke SMS-tenesta vår.

Kilometerstand tilgjengeleg på Dine sider

For å sjå kva kilometerstand som er rapportert til Statens vegvesen for eit køyretøy ved EU-kontroll, må du logge inn på Di side. Opplysningar om kilometerstand ligg ikkje lenger ope tilgjengeleg fordi kilometerstanden til eit køyretøy er rekna som ei personopplysning.

Slik blir kilometerstand rapportert inn

Ved kvar EU-kontroll rapporterer verkstaden (kontrollorganet) inn kilometerstanden til eit køyretøy til Statens vegvesen, slik kilometerstanden visest på kontrolltidspunktet. Du må sjølv sjekke at kilometerstanden verkstaden har skrive på kontrollsetelen, er korrekt når du hentar bilen. Statens vegvesen kontrollerer ikkje at rapporteringa er riktig, vi viser berre data vi har fått frå verkstadene.

Kilometerstanden kan ha fleire innrapporteringar i tenesta på same dag eller innanfor eit kort tidsrom. Dette er fordi verkstaden melder inn EU-kontrollar og etterkontrollar separat, og kvar gong bilen blir kontrollert, må verkstaden melde inn kilometerstand til oss på nytt.

Er køyretøyet importert brukt, og registrert første gong i Noreg etter 30. november 2009, visest også kilometerstand frå registreringstidspunktet i tenesta.

Avvik i kilometerstand

Eit avvik i kilometerstandhistorikken kjem ikkje nødvendigvis av juks eller svindel. Det kan blant anna kome av feiltasting av den som registrerte kontrollen, at kilometerteljaren har vore øydelagd, blitt skifta ut eller retta frå å vise miles til kilometer. Kilometerteljaren på eldre køyretøy startar i mange tilfelle på null for kvar 100 000 kilometer.

Dersom verkstaden (kontrollorganet) registrerer og melder inn feil kilometerstand til oss, blir det ikkje retta. Dette kjem av at vi som tilsynsmyndigheit ønskjer å bevare alle dataa slik dei vart melde inn. Då unngår vi at useriøse aktørar kan spekulere i å endre kilometerstanden opp og ned.

Dersom du oppdagar at det har vorte registrert feil kilometerstand før du har reist frå verkstaden, kan kilometerstanden endrast ved at kontrollsetelen blir sletta og meldt inn på nytt.