Føremålet med planen er å legge til rette for utbygging av ny stamveg E134 Vågsli–Seljestad med betre vegstandard og vinterregularitet, samt å ivareta den historiske vegen som eit samferdselsminne.
Planframlegget vil òg vera å sjå på siden «Reguleringsplanar». Her vil det òg bli lagt ut tilleggsutgreiing av alternative kryssløysingar ved Solfonn/Løyning. Denne rapporten vert ein del av planframlegget Røldalstunnelen-Seljestad etter ynskje frå Utviklingskomiteen i Odda kommune.
Medverknad i høyringsperioden
Det vert lagt opp til to folkemøter i høyringsperioden. Her vil Statens vegvesen presentere planen og lytte til publikum. Odda kommune vil òg vere representert på møta:
- Tysdag 3. juli kl. 18.00-20.00 i Grendahuset i Røldal
- Onsdag 4. juli kl. 18.00-20.00 i restaurant/kafeen på Solfonn.
I tillegg vil Statens vegvesen og Odda kommune vere tilgjengeleg for konkrete diskusjonar om prosjektet to dagar:
- Onsdag 4. juli kl. 09.00-14.00 på Skysstasjonen i Røldal.
- Torsdag 5. juli kl. 09.00-14.00 på Brannstasjonen, 2. etasje i Odda.
Skriftlege innspel til planframlegget
Me ber om at skriftlege innspel til planframlegga vert sendt Statens vegvesen innan 20. august 2018. Merk innspelet «E134 Vågsli-Seljestad».
Du kan sende på epost til firmapost-vest@vegvesen.no
Eller i brev til;
Statens vegvesen Region Vest
Askedalen 4
6863 Leikanger
Kontaktpersonar for Statens vegvesen er:
Åge Jonn Hillestad. Tlf: 950 46 063 - E-post: aage.hillestad@vegvesen.no
Sindre Egeland. Tlf: 481 237 04 - E-post: sindre.egeland@vegvesen.no
Kontaktperson for Odda kommune er:
Kristian Bondhus-Jensen. Tlf: 975 58 600 – E-post: kbj@odda.kommune.no