E136 mellom Dombås og Ålesund er det viktigaste vegsambandet mellom det indre austlandsområdet og Møre og Romsdal/nordre del av Vestlandet. Frå Raudstøl øvst i Romsdalen til Stuguflåten om lag 1,5 km inn i Oppland fylke, har store kjøretøy problem med å halde farten oppe i dei bratte stigningane. Det er ikkje muleg å kjøre forbi på ein sikker måte. Om vinteren gjer kombinasjonen bratte stigningar/krappe kurver at store kjøretøy kan ha problem med å komme opp bakkane.

På strekninga vert det derfor planlagt ein 3-feltsveg med krabbefelt. Ulike løysingar har vore vurderte i prosjektet. I den vidare planlegginga av prosjektet er det valt ein vegstandard med forsterka midtoppmerking og total vegbredde på 12,25 meter.