Strekninga gjennom Veblungsnes ligg i Rauma kommune og er om lag 1,5 km lang. E136 som går frå Dombås til Ålesund er det viktigaste sambandet mellom det indre austlandsområdet og Møre og Romsdal. Vegen blir ofte kalla for "Eksportvegen".

Strekninga gjennom Veblungsnes er i dag ein flaskehals med dårleg kurvatur og relativt smal veg. Det er fleire bustader som ligg svært nær vegen.

I 2006 vart ein kommunedelplan for strekninga (PDF) vedtatt. Denne planen viser ein miljøtunnel på 110 meter.