Vegstrekninga er om lag 1,5 km lang og planen vil bli utarbeidd i samarbeid med kommunen.

Målsettinga med planarbeidet er å skaffe eit formelt grunnlag for å kunne bygge ny E136 på strekninga mellom Setnesjordet og Innfjordtunnelen. Planen vil bli utarbeidd som ei detaljregulering etter § 12-3 i plan- og bygningslova.

Planområdet omfattar også området til Veblungsnes Sandtak AS der formålet er å leggje rammer for råstoffutvinning og plan for etterbruk av området. Grensene for planområdet blir snevra inn etter kvart som vi konkretiserer aktuelle løysingar. Det blir sendt brev direkte til grunneigarane innanfor planområdet og andre høyringsinstansar.

Informasjonsmøte

Det blir arrangert ope informasjonsmøte om planarbeidet torsdag 31. mai kl. 18–20 i kommunestyresalen på rådhuset i Rauma.

Innspel og spørsmål

Vi ber om å få sendt eventuelle innspel til varsel om oppstart skriftleg innan 11. juni 2018 til Statens vegvesen Region Midt, Postboks 2525, 6404 Molde, eller pr. e-post til firmapost-midt@vegvesen.no

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Rolf Arne Hamre, rolf.hamre@vegvesen.no / tlf. 909 22 459