Arna-Stanghelle-Voss er ein viktig del av hovudkorridoren for transport mellom Bergen og Oslo, både på veg og på jernbane. I dag er veg- og jernbanestrekninga prega av låg standard, tunnelar med stort behov for vedlikehald og oppgraderingar, og skredutsette område. Det gir ein lite effektiv og føreseieleg reiseveg for trafikantar og næringsliv og store kostandar for samfunnet. I tillegg er det mange trafikkulukker. Hovudproblemet er særleg dei mange alvorlege møteulukkene.

Ein ny E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle skal gi auka trafikktryggleik, føreseieleg transport, auka kapasitet for gods på bane, og redusert reisetid. Prosjektet er no i gang med statleg reguleringsplan som skal leggast ut på høyring etter vedtak i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Logoer til Statens vegvesen og Jernbaneverket