Statens vegvesen skal utarbeide kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 mellom Byrkjelo og Grodås gjennom kommunane Gloppen, Stryn og Hornindal. Formålet er å fastleggje framtidig vegløysing for E39 med tilknytingar.

Samfunnsmålet for E39 er at det i 2040 skal vera eit effektivt, tilgjengeleg og påliteleg hovudsamband, som stettar behovet for kommunikasjon for bu- og arbeidsregionar.

Planlegginga av Byrkjelo–Grodås skal gjerast i eitt samanhengande stykke, og største del av kommuneplanarbeidet vil skje i 2016 og 2017. Målsettinga er å få kommunedelplanen ut på offentleg høyring i løpet av 2018.