Konsept 2-1BKonsept 2-1B

Statens vegvesen skal no gjennomføre ei utgreiing av alternative utbyggingsstandardar på strekninga. Det skal mellom anna vurderast om det er naudsynt med firefelts veg på sikt, og om dette burde byggast med ein gang og ikkje trinnvis.

Samferdselsdepartementet har bestemt at kommunane skal vere planmyndigheit for utbygginga. Vegvesenet vil utarbeide ei skisse til arbeids- og framdriftsplan for planleggingsprosessen.