Vegen bør bli utvikla etter konsept K2.1B med veg i dagen mellom Digernes og Dragsundet og i Solnørdalen, tunnel til Landedalen, veg i tunnel under høgste punktet på Ørskogfjellet og tunnel til Vik. Det langsiktige målet er firefelts veg med 110 km/t. Første steget er å byggje veg med midtdelar og 90 km/t.

Konsept 2-1BKonsept 2-1B

Bakgrunn

Konsept 3 forbi Svartløkvatnet har best netto nytte per budsjettkrone, men samtidig svært negative konsekvensar for friluftsliv og naturmiljø.

Eit fleirtal av dei som har gjeve høyringsfråsegn, mellom anna fylkesmannen, fylkeskommunen og alle kommunane utanom ein, går etter ei totalvurdering inn for K2-alternativ.

Vegvesenet si tilråding

Ut frå ei totalvurdering vil Statens vegvesen tilrå for Samferdseldepartementet å leggje alternativ K2.1B  til grunn for vidare utvikling av E39 mellom Digernes i Skodje kommune og Vik i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tilrådinga er endra etter høyringsprosessen. Hovedargumenta for den endra tilrådinga er:

  • Ikkje vesentleg skilnad i investeringskostnad mellom K2 og K3: Med lengre tunnelar i Svartløken-/Fyllingområdet for å redusere konfliktpotensialet og B-alternativ i Tomrefjord for å unngå skredutfordringar, vil det ikkje vere vesentleg skilnad i investeringskostnad mellom K2. og K3-alternativa.
  • Enklare planprosess: Ut frå fråsegna frå fylkesmannen, fylkeskommunen og to av dei tre kommunane som ny veg kan gå gjennom, vil planlegging etter plan- og bygningsloven vere enklare med K2-alternativa enn K3-alternativa.
  • Mogleg trinnvis utbygging: Det er i tilleggsutgreiinga vist at K2-alternativa kan delast i mindre byggesteg enn K3-alternativa om det er ønskjeleg. Endringane som Vegvesenet no legg fram gjer at eit mogleg første byggesteg i K3-alternativa blir dyrare. Eit mogleg første byggesteg for K3-alternative vil ha ein kostnad på 5,3-7,8 mrd. kr, mens det for K2.1B vil ha ein kostnad på 4 mrd. kr.  
  • Driftskostnader: Det vil ikkje vere naudsynt å bygge doble løp i tunnelane ut frå trafikknivå før etter 2050. Omsyn til høyringsfråsegnene knytta til Svartløken-/Fyllingområdet i K3.1-alternativa gjer det naudsynt med så lange tunnelar at desse må byggast med doble løp med ein gong for ønske sikkerheit, jf. vegnormalane. Dette vil auke driftskostnadene.
  • Reisetidsgevinst: Ut frå samfunnsmålet i konseptvalutgreiinga om både å skape ein god veg for langtransport og byggje saman bo- og arbeidsmarknaden i området, er alternativ K3.1A det beste. Den moglege auka reisetidsgevinsten ved K3 sett opp mot K2 er ikkje likevel stor nok sett opp mot forholda ovanfor.

 Konsept K2.1B vil leggje grunnlag for ein vesentleg reduksjon i kostnadar sett opp mot grunnlaget for Nasjonal transportplan 2018-2029. Dette er i tråd med Stortinget sine forventningar for prosjektet.

Statens vegvesen tilrår framleis at vidare planlegging etter plan- og bygningslova for E39 Ålesund-Molde skjer med statleg plan.

Kontaktperson:

Kjetil Strand, strategisjef, Statens vegvesen Region midt, mobil 950 86 778