Det er gjennomført planarbeid for å vurdere framtidige veglinjer forbi Førde i Sogn og Fjordane. I tillegg til å sjå på moglege veglinjer for E39 vart det vurdere korleis E39 best kan bli knytt opp mot det lokale vegnettet i Førde og til rv. 5 vidare vestover mot Florø.

Kommunestyra i Gaular og Førde vedtok i 2013 at alternativ 3 Myra–Brulandsberget–Viegjerdet skal vere framtidig trase for E39 forbi Førde. Vedtatt trasé går inn i lang tunnel ved Skilbreivatnet over Langeland og ned til Brulandsberget. Der bir det ein kort dagsone med kryss, før vegen går inn i ny tunnel opp til Moskog.