Departementet har bestemt at alternativ 4 blir den framtidige traséen for E39 mellom Heiane og Ådland/Nordre Tveita. Alternativ 4 er ei løysing der vegen gjennom Landåsen hovudsakleg blir lagt i dagen. Det var denne løysinga Statens vegvesen Region vest gjekk inn for. Stord kommune ynskte seg tunnelar under Landåsen, slik det var skildra i alternativ 5, medan Fylkesmannen i Hordaland meinte alternativ 2 var det beste, for å hindre byspreiing innover i Landåsen.

28. april 2016 vedtok Stord kommunestyre alternativ 5 for kommunedelplanen E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita. Sidan både Statens vegvesen og Fylkesmannen i Hordaland hadde retta motsegn mot dette planalternativet, vart saka løfta til regjeringa for endeleg avgjerd.

Prosessen fram mot vedtaket starta med møte og synfaring på Stord i oktober i fjor. Då samlast dei involverte departementa og direktorata, samt Stord kommune, Statens vegvesen Region vest og Fylkesmannen i Hordaland for å gå gjennom saka. I etterkant kom dei ulike direktorata med tilrådingar til sine respektive fagdepartement, før fagdepartementa kom med sine eigne tilrådingar til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no vurdert saka og dei ulike innspela. Departementet meiner altså at alternativ 4 er det beste, og 3. juli kom brevet om at kommunedelplanen E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita er vedteken med dette alternativet. Vedtaket til departementet kan ikkje klagast på, og valet av alternativ 4 er difor endeleg.