Kvitsøy-kontrakten er den største i Rogfast, og den mest teknisk utfordrande av dei tre store tunnelkontraktane når verdas lengste og djupaste tunnel skal byggjast. Kontraktsverdien er på 3–3,5 milliardar kroner.

– Vi er fornøgde med at fem entreprenørar ønskjer å bli med vidare. I fyrste omgang skal vi vurdere kven av entreprenørane som er kvalifiserte for oppdraget, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal i Statens vegvesen.

No startar jobben med å velje ut minst tre som i fyrste omgang skal gi tilbod.

– Anskaffelsen er ei prekvalifisering med forhandlingar. Denne prosessen vil vare i fyrste halvdel av 2019, seier Espedal.

Dei fem som ønskjer å bli prekvalifisert

  • Implenia AS og Stangeland Maskin AS
  • Marti Tunnel AG
  • PNC Norge AS
  • Salini Impregilo S.p.A.
  • Skanska Norge AS