nettP1030211Frå venstre sjefsgeolog i Aveng Mining, Alan Cooper, Gudmund Lunden og Sveinung Brude.

For å sikre god ventilasjon i Rogfast skal det byggjast to ventilasjonssjakter. Dei skal vere 10 meter i diameter, og gå ned til hovudløpa – 250 meter under Kvitsøy. Dette er nybrotsarbeid i Statens vegvesen. Det er ikkje mange stader i verda det pågår prosjekt som kan samanliknast med det som skal utførast i den største Rogfast-kontrakten. For å få kompetanse på korleis det kan gjerast reiste Brude og Lunden til Sør-Afrika.

– Det var lærerikt å sjå korleis slike sjakter blir bygd. Spesielt innan SHA (tryggleik-, helse- og arbeidsmiljø) ved sjaktsynking fekk vi kunnskap som vi skal bruke i konkurransegrunnlaget på E02-kontrakten i Rogfast, seier byggjeleiar Sveinung Brude.

980 meter djup sjakt

Sjaktene i Sør-Afrika har same dimensjon som skal byggjast på Kvitsøy, men er mykje djupare.

– Den vi fekk sjå under bygging skal bli 980 meter djup, fortel Gudmund Lunden.

I Sør-Afrika bruker selskapet Aveng Mining metoden «Shaftsinking», sjaktsynking, for å komme ned til platinumgruvene.

Stemningsbilde. Foto.Stemningsbilde frå anlegget som ligger ved Mokopane i regionen Limpopo provinsen. Foto: Aveng Mining

– Det vil seie at alt blir gjort ovanfrå og nedover. Det blir bora cirka 3,5 meter ned, før dei lader og sprenger, slik det blir gjort i tunneldriving. Utlasting tek lang tid. Det blir brukt Cactus grab som fyller stein opp i såkalla «kibbles» (store ståltønner) som er 2 x 3 meter.  To slike tønner blir vekselvis heisa opp og ned. Dei  brukar spesialvinsjar med fart på 8,5 meter i sekundet. Ventilasjonen blir ivareteken med ventillasjonsrøyr inn og ut, og som kontinuerleg blir forlenga nedover, seier Brude.

To ganger mellom 1955–1965

Han fortel at etter utlasting er kontrollingeniørane/geologane til byggherren nede i sjaktene og registrerer bergforhold og fastset bergsikring. Entreprenøren reinskar, monterer nett og boltar. Forskaling for full utstøyping blir montert nedover, og blir ut støypt i seksjonar.

– Vi skal ikkje ha full utstøyping på sjaktene våre, men vi skal utføre bergsikring med bolting og sprøytebetong. Vi skal bruke det same byggjeprinsippet som denne sjakta i Sør-Afrika når vi kjem i gong med ventilasjonssaktene i Rogfast, seier Brude.

Begge er glade for at dei fekk sjansen til å sjå og lære, for det er ikkje vanlig at det blir bygd liknande sjakter i Noreg. Det nærmaste vi kjem er at det skal vere bygd noko tilsvarande i to gruver i Noreg i tidsrommet 1955-1965.

– Vi fekk sjå kva type maskinar, utstyr, bergsikringsmetodar og korleis mannskapane utfører jobben. Ny kunnskap vi har tatt med oss heim gjer at det blir nokre justeringar i konkurransegrunnlaget, seier byggjeleiaren. Han gleder seg til å kome i gong med å byggje verdas lengste og djupeste undersjøiske vegtunnel.

Her undersøker Gudmund Lunden bergkvaliteten i sjakta – 592 meter under overflata.Her undersøker Gudmund Lunden bergkvaliteten i sjakta – 592 meter under overflata.