KVU-arbeidet skal:

  • Kartlegga behovet for transport på strekningen Skei-Ålesund
  • Avklara mål og krav til transportsystemet
  • Framstilla ulike konsept for transportsystemet
  • Vurdera måloppnåing for dei ulike konsepta
  • Berekna transportmessige og samfunnsøkonomiske verknader av dei ulike konsepta

Arbeidet skal leggast opp slik at vi på den eine sida har sikra god lokal forankring gjennom samhandling med lokale og regionale styresmakter og ulike interessentgrupper i planområdet. På den andre sida skal arbeidet ha god samordning til sentrale styresmakter.

KVU skal enda opp med ei tilråding på val av konsept og danna grunnlag for vidare planlegging etter plan- og bygningslova. Arbeidet med KVU-en skal vere ferdig innan utgangen av mars 2011.