I dag må næringstransport og private trafikkantar nytte seg av ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg for å krysse Bjørnafjorden. Med bru over Bjørnafjorden vil næringstransport og trafikantar få ein meir effektiv reiseveg med vesentleg redusert reisetid.

Bli med på en interaktiv reise med flytebru over Bjørnafjorden 

Bru over BjørnafjordenBru over Bjørnafjorden. Illustrasjon: Statens vegvesen

Endeforankra flytebru: Frå Tysnes til Os 

I den vedtekne kommunedelplanen blei det avgjort at ei bru over Bjørnafjorden skulle gå frå Reksteren på Tysnes til Gulholmane i Os. Dette var det mest kostnadseffektive alternativet (1 ½ milliardar rimelegare  enn andre alternativ). Bruløysinga som er vald for kryssinga er ei endeforankra flytebru. Fleire brukonsept vart vurderte, men endeforankra flytebru var den bruløysinga som gav best resultat med omsyn til kostnad og tryggleik.

Ei flytebru over Bjørnafjorden vil bli relativt lik Nordhordlandsbrua, og inneber blant anna:

  • Forankring av brua i kvar ende med krumming mot aust, samt moglegheit for forankring mot fjordbotnen.
  • Eit ca. 200 meter høgt brutårn i sør og ca. 100 meter mellom pongtongane brua kviler på.
  • Seglingshøgde på minst 45 meter (lågbrudelen som strekkjer seg nordover er berre for fartøy lågare enn 11 meter).

Bru over BjørnafjordenBru over Bjørnafjorden. Illustrasjon: Statens vegvesen

Utvikling av ny bruteknologi sentralt i arbeidet 

Bjørnafjorden er krevjande å krysse då den er fem kilometer brei med ei djupne på opp mot 600 meter enkelte plassar. Utgreiingsarbeidet strekkjer seg tilbake til 2009, då Statens vegvesen konkluderte med at det er mogleg å krysse Bjørnafjorden med bru. Statens vegvesen har arbeida systematisk saman med fag- og forskingsmiljø for å utvikle brukonseptet og ny teknologi. I tillegg har det vore eit omfattande arbeid med målingar av bølgjetilstandar, straumforhold, temperaturvekslingar og vindeigenskapar. Kartleggingsarbeidet har også gjort undersøkingar og analysar av grunnforholda på fjordbotnen, fjellsidene under vatn, rasfare, og vurderingar av skipstrafikk. 

Framdrift 

Arbeidet følgjer Nasjonal transportplan 2018-2029. Ein reknar med prosjektstart i 2024/25, med føresetnad om at ein får finansiering og politisk støtte. Byggetida blir om lag fem år.

Arbeidet som no er i gang skal optimalisere bruløysinga og førebu byggefasen for å redusere kostnader og uvisse knytte til prosjektet. Det er òg starta eit førebuande arbeid med ein gjennomføringsstrategi, der målet er å sikre løysingar som gjev god framdrift og føreseieleg økonomi.

Endeforankra flytebru med skipspassasje. Illustrasjon: Statens vegvesenEndeforankra flytebru med skipspassasje. Illustrasjon: Statens vegvesen