Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) vedtok 5. september 2019 alternativ F i kommunedelplanen, ei sørleg kryssing av Langenuen mellom Jektevik og Hodnanes.

Arbeid med reguleringsplan

  • Formell oppstart av planarbeidet med tilhøyrande planprogram – sommaren 2020.
  • Planforslaget blir sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) – januar 2022.
  • Reguleringsplan lagt ut til offentleg ettersyn (høyring) – (dato ikkje sett. Avhengig av vedtak frå KMD).
  • Planvedtak frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet – 2022/2023.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) er planmynde og vil fastsetje ny E39 på bakgrunn av plangrunnlaget Statens vegvesen utarbeider og innkomne høyringsuttalar.

Kommunedelplan med konsekvensutgreiing

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) vedtok alternativ F i kommunedelplanen (05.09.2019). Statens vegvesen skal utarbeide reguleringsplan for det vedtekne alternativet.

  • Høyringsfrist (30.04.2018)
  • Tilleggshøyring av to nye brualternativ over Bjørnafjorden lagt ut til offentleg ettersyn (09.03.2018)
  • Høyringsfrist (20.01.2017)
  • Kommunedelplan lagt ut til offentleg ettersyn (22.11.2016)
  • Fastsett planprogram (KMD) (17.12.2015)
  • Høyringsfrist 30.06.2015
  • Planprogram utlagt til offentleg ettersyn (04.05.2015)