Bjørnafjorden er krevjande å krysse då den har ei djupne på opp mot 600 meter enkelte plassar. Utgreiingsarbeidet strekkjer seg tilbake til 2009, då Statens vegvesen konkluderte med at det er mogleg å krysse Bjørnafjorden med bru. Flytebrua blir over fem kilometer lang, og skal krysse Bjørnafjorden mellom Tysnes i sør og Os i nord.

Bli med på ei interaktiv reise med flytebru over Bjørnafjorden

Valet falt på flytebru

– Vi har arbeida systematisk saman med fag- og forskingsmiljø for å utvikle brukonseptet og ny teknologi, og i 2018 og 2019 jobba to rådgjevarteam uavhengig av kvarandre for å vurdere kva type flytebru som kunne egne seg for kryssing av fjorden. Begge team konkluderte med at ei boga flytebru med litt forankring ville vere det beste alternativet over fjorden, fortel Kjell Håvard Belsvik, prosjektleiar for flytebrua. Belsvik seier at det er ein ekstra tryggleik at begge team foreslo same løysing, ei løysing som også er kvalitetssikra og verifisert av DNV GL.

Les artikkelen Foreslår boga flytebru i Bjørnafjorden

Rapportane er publisert

Vegvesenet nyttar systemet Brage for rapportar, du finn oversikt over alle rapportane og lenker til Brage frå sidane "Rapportar". Der vil du også finne rapportar frå tidleg konseptutvikling.

– Arbeidet med brua får stor merksemd, også frå internasjonale firma som ynskjer å vere involvert i arbeidet. Arbeidet med flytebrua som kjem til å bli verdas lengste flytebru vekkjer stor interesse blant ingeniørar, men rapportane kan også vere av interesse for alle som synest at bruteknologi er interessant, avsluttar Belsvik.

 

OON: Dr.techn. Olav Olsen og Norconsult. I prosjektet hadde dei med seg Prodtex, Pure Logic, Institutt for Energiteknikk, Buksér og Berging, Miko Marine, Heyerdahl Arkitekter, Haug og Blom-Bakke, FORCE Technology og Swerim.

AMC: Aas-Jakobsen, Cowi, Multiconsult med Johs.Holt, som for prosjektet også hadde knytt til seg selskapa Aker Solutions, NGI, Moss Maritime, Dissing+Weitling og Entail.