Vegdirektør Terje Moe Gustavsen meiner Hordfast vil bety mykje for mange. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesenVegdirektør Terje Moe Gustavsen meiner Hordfast vil bety mykje for mange. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen

Prosjektet skal gi ein landfast vegforbindelse for E39 mellom Stord og Bergen, med en 5,5 kilometer lang flytebru over Bjørnafjorden.

– Når prosjekt vert realisert vil det endra samferdsle i denne delen av landet for alltid, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Gustavsen legg til at dette er eit prosjekt med uvanleg høg samfunnsnytte.

Sender sin anbefaling til departementet

Kryssinga av Langenuen mellom Stord og Tysnes har vore mykje diskutert. Både det midtre og det sørlege alternativet har sine støttespelarar. Vegvesenet sender over begge alternativ, B og F, til Samferdsledepartementet. 

Statens vegvesen anbefaler det midtre alternativet (B) fordi brua då vert knytt til den delen av vegnettet på Stord som har den høgste standarden, og som vil tole trafikken i nokre år før det vert nødvendig med utvidingar.

Vegvesenet tar ikkje stilling til om det skal være sideforankra eller endeforankra flytebru. Dette vert vurdert i ein eigen reguleringsplan.

Kostnadsredusksjon

E39 Stord – Os har eit kostnadsanslag på 35 milliardar 2016-kroner. Flytebru over Bjørnafjorden utgjer 16,5 milliardar kroner av dette.

I Nasjonal transportplan ligg prosjektet inne med ein kostnadsramme på 40 milliardar kroner. Det har vore arbeida med å redusere kostnadane. Desse er no redusert med 5 milliardar kroner. Ein stor del av kostnadsreduksjonen skuldast at ein har komme lengre i utviklinga av flytebrua og dermed er sikrare på kostandane for denne.

Redusert reisetid

Statens vegvesen peiker på at prosjektet er komplekst med lange fjordkryssingar. Det er difor framleis større usikkerheit knytt til kostnadar enn det som er normalt for vegprosjekt i denne fasen.

Netto nytte for prosjektet er rekna til 17 milliardar kroner. Ein stor del av nytta ligg i at reisetida frå Stord til Os vert redusert frå halvannan time til ein halv time. Prosjektet vil avløyse tre ferjesamband; Sandvikvåg – Halhjem, Halhjem – Våg og Jektevik – Hodnaneset.

 

 Her kan du laste ned dokumenta