Den Trondhjemske postvegen kryssar fylkesveg 60 ved Beithoggane. Postvegen er registrert i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner i Møre og Romsdal. Det er bygd ny parkeringsplass og ei trafikksikker kryssing av fylkesvegen for å sikre at folk kan fortsette å bruke han som turmål.

Vegen ligg i naboskap med Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og området som er registrert som Vestnorsk fjordlandskap på verdsarvlista til UNESCO. Utsikta over Geirangerfjorden og Synnylvsfjorden frå Ljøen er sprektakulær. I samband med rassikringa har Statens vegvesen bygd eit utsiktspunkt som er ein attraksjon i seg sjølv.

Ljøbrekka er eit av dei mest brukte turmåla i Stranda kommune. Både i Herdalen og på Ljøen er det tilrettelagt for parkering for dei som ønsker å gå tur i området.