Rassikringsprosjektet fv. 60 Røyr-Hellesylt inneber ei forlenging av to tunnelar. Ljøtunnelen vert 3 650 meter og Streketunnelen vert 3 850 meter. To korte tunnelar på strekninga vert stengt.

Tunnelane på dei to første byggestega har T8,5 profil, og på det tredje vert det T9,5 profil. Ljøtunnelen har ei stigning på 4,6 prosent. Streketunnelen har ei stigning på 6,8 prosent. Vegane i dagen vert utvida innover frå den eksisterande vegen.

Prosjektet starta i mai 2009 og har tre byggesteg:

Første byggesteg

Forlenging og rehabilitering av Streketunnelen. Det er bygd om lag 1 200 meter ny tunnel. 700 meter av den eksisterande tunnelen er utvida og oppgradert. Vegen er senka, tunnelen er sikra, det er sett opp ny sikring mot vatn og frost og montert heilt nye elektriske installasjonar. Første byggesteg opna 17. juni 2011, og hadde eit kostandsoverslag på 255 millionar 2013-kroner.

Andre byggesteg

Streketunnelen nord - 1 850 meter ny tunnel frå den eksisterande Streketunnelen og opp til Ljøen. Steinmassane vert brukt til rasvollar og kjegler mellom Røyr og Herdalen.

Det skal byggast om lag 400 meter veg i dagen på Ljøen og ei ny 56 meter lang bru over Ljøelva. Sør for brua skal det byggast eit utsiktspunkt mot Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden.

Kostnadsoverslag på andre byggesteg er 263 millionar 2013-kroner. Arbeidet starta 18. mars 2011 og vart opna for trafikk 21. august 2013. Møre og Romsdal fylkeskommune forskutterte om lag 100 millionar kroner til andre byggesteg for å sikre framdrifta i prosjektet.

Tredje byggesteg

Ny Ljøtunnel på ca 3 650 meter frå Herdal til Ljøen, ny 440 meter lang betongtunnel på Røyr til sikring av Vassfonna og Røyrfonna. I tillegg skal rasvollane ferdigstillast.

Kostnadsoverslag på tredje byggesteg er 602 millionar 2013-kroner inkl 25 prosent mva. Løysinga med heilt ny Ljøtunnel gjer at det vert små trafikkhindringar i byggetida.

Byggeplanlegginga av tredje byggesteg starta sommaren 2012, og arbeidet vart lyst ut i januar 2014. Det var oppstart på Ljøtunnelen 5. juni 2014. Betongtunnelen på Røyr (Røyratunnelen) blir opna i desember 2015, og Ljøtunnelen opnar hausten 2016.