Strekninga som Risa AS skal bygge går frå Opelkrysset (Haukelivegen) og 1300 meter mot sentrum, til Storasundgata.

Oppdraget er å utvide Karmsundgata mellom Storasundgata og Opelkrysset i Haugesund frå to til fire felt. Tre gangbruer, undergang, nye lys, støyskjermar med meir er også oppgåver som ligg i kontrakten.

- Dette er ein totalentreprise. Det betyr at entreprenøren både prosjekterer og bygger, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Einar Færaas.

Sykkelveg på begge sider

- Vi skal bygge fortau med sykkelveg på begge sider av gata, og tre bruer for dei som går og syklar. I kontrakten ligg også 760 meter med støyskjermar, nye busshaldeplassar, veglys og forsterka lys i undergangen, seier Færaas.

Samarbeid med kabeletatar

Samtidig med arbeidet for å bygge ny veg i Karmsundgata nyttar Haugesund kommune høvet og fornyar vatn- og avløpssystema sine på strekninga. Haugaland kraft legg nye strømkablar.

Arbeidet med prosjekteringa startar i sommar, og alt skal vere ferdig sommaren 2021.