Dagens standard på den 15 km lange strekninga er varierande, og breidda på vegbanen varierer mellom 5,6 og 6 meter. Dette er spesielt utfordrande for næringstrafikk og vogntog som brukar vegen som hovudferdselsåre mellom Sør-Jæren og E39. For å kunne ta stilling til ei vegutviding, må det lagast ein reguleringsplan.

Planarbeidet skal legge til rette for ein utbetra vegstandard og auka trafikktryggleik langs Buevegen.

Krysset mellom fv. 504 og fv. 505 må utbetrast og det skal vurderast om hovudvegen skal endrast slik at fv. 504 blir gjennomgåande, med fv. 505 som sekundærveg. Dette vil bli vurdert på grunnlag av trafikkvurderingar. I tillegg skal vegkurven ved Bergene mellom Kartavoll og krysset fv. 504/fv. 505 rettast ut. Fleire alternativ vil bli foreslått.

Kommunane Bjerkreim, Time og Hå har vurdert at tiltaket ikkje er utgreiingspliktig i medhald til plan- og bygningslova og forskrift om konsekvensutgreiingar. Dei tre kommunane har fastsett eit planprogram, som skal  avklare overordna rammebetingelsar og val av grep for det vidare planarbeidet. Dette er ein fordel når planarbeidet angår tre kommunar.

Statens vegvesen er tiltakshavar og utfører den praktiske planlegginga. Kommunane skal som ansvarleg mynde sluttbehandle og vedta planen.