Dalsfjordsambandet ligg i Sunnfjord og kryssar kommunegrensa mellom Askvoll og Fjaler og er hovudsambandet mellom dei to kommunane.
 
Bygginga av Dalsfjordsambandet starta hausten 2010, og desember 2013 var det klart for opning av Dalsfjordbrua. Denne brua avløyste ei ferje som brukte 25 minutt på overfarten mellom Dale og Eikenes.
Delar av anlegget, fv.57 Nishammartunnelen, vart opna tidlegare samme året.
 
NB! På grunn av forvaltningsreformen (1.1.2010) blei riksveg 609 og 57 til fylkesveg 609 og 57.