Fylkesveg 60 gjennom Hornindal har for det meste svært låg standard. Korkje breidde eller kurvatur er i samsvar med gjeldande vegnormal. Det er også ein god del busetnad langs vegen, noko som betyr mange avkjørsler og nedsett fartsgrense. Største problemet med vegen er likevel den låge bereevna. Dårleg overbygning fører kvart år til store teleproblem. Kvart år oppstår det store skadar på vegen. Det betyr ekstra vedlikehaldskostnader.

Frå 1. januar 2014 vil fylkesveg 60 frå Kjøs bru til Hornindal bli E39 (Kvivsvegen). Frå den nybygde E39 er det bygd ca. 1,1 km ny veg med god standard (7,5 meter breidde) fram til Tomasgard.

18. oktober 2012 vart konsekvensutgreiing og kommunedelplan for resten av vegen i dalen vedteken i Hornindal kommune. Kommunedelplanen hadde fire alternativ (alternativ 2, 3, 4 og 5). Alle følgde i utgangspunktet sørsida av dalen i same trasé (i store trekk fylkesveg 726), og kryssa deretter Horndøla på ulike punkt for deretter å følgje eksisterande fylkesveg fram til området ved Røyrhusbrua. Alternativ 2 kryssa dalen først, medan alternativ 5 først kom inn på eksisterande veg ved fylkesgrensa. Hornindal kommunestyre har vedteke alternativ 2.

Ein avventar vedtak og kunngjering for den delen av kommunedelplanen som ligg i Stranda kommune.