Prosjektet omhandlar vegutbetring av fv. 60 mellom Ugla og Skarstein i Stryn kommune, ei strekning på om lag 5 kilometer.

Ved Ugla skal det byggast ein tunnel på 1170 meter forbi Vangberghammaren. Vidare mot Olden går vegen langs eksisterande trase, med enkelte justeringar av veglinja.