Torsdag 1. mars 2018 samlast representantar frå fylke, kommune og lokalsamfunn for å feira at det er slutt på å ferdast langs den smale og svingete vegen som har vorte kjend som «Noregs verste». Då vegen vart opna av kong Haakon VII i 1936, representerte han det fyrste vegsamband utan ferje rundt fjorden.

Gamle VangbergtunnelenGamle Vangbergstunnelen. Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen

Ved Vangberget, om lag fem kilometer nordvest for Olden, har vegen til no gått gjennom ein 94 meter lang tunnel frå nettopp 1936. Denne tunnelen blir endeleg pensjonert når den nye inkarnasjonen av Vangbergstunnelen opnar denne veka. Nyetunnelen er 1170 meter lang, har oppdatert tryggleiksteknologi og LED-lys som blir regulerte av dagslyssensorar på utsida.

Sidan den omfattande utbetringa av vegstrekninga tok til i 2009, har òg to andre nye tunnelar opna: Årholen–Ugla (235 meter) og Agjeldstunnelen (930 meter). Arbeidet med den litt over fem kilometer lange vegstrekninga mellom Ugla og Skarstein starta i 2016, og står ferdig tre månadar før skjemaet.

Nye Vangbergstunnelen, sommaren 2017Nye Vangbergstunnelen, sommaren 2017. Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen

Opninga torsdag markerer at den siste biten av Olden–Innvik er fullført, og ei ny køyreoppleving ventar både lokale pendlarar og storøygde turistar. Den offisielle opningsseremonien finn stad kl. 11:00 utanfor den austlege porten til Vanbergstunnelen. På programmet står kulturelle innslag og høgtidleg snorklypping, talar ved ordførar og fylkesordførar, samt kaffi og noko å bita i.

 

Alle som vil vera med på å feira den nye vegen er hjarteleg velkomne til opninga!