Nordøyvegen gir fastlandssamband for rundt 2900 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune i Møre og Romsdal.
Dei rundt 10 000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy blir knytt nærare saman. Både næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt transportsystem.
Nordøyane har i dag to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.
Prosjektet omfattar:
- Lepsøybrua, 800 meter lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
- Laukebrua, ei 110 meter lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
- Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter lang bru i Hamnaskjersundet.
- Haramsfjordtunnelen frå Hestøya til Austnes, 3500 meter.
- Nogvafjordtunnelen, frå Longva på Flemsøya til Fjørtofta, 5730 meter.
- Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta til Myklebust på Harøya, 3680 meter.
- Burbergtunnelen, ein miljøtunnel på Fjørtofta, 170 meter.
- Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, totalt 2735 meter.
- Ny veg over Fjørtofta.