Rv. 13 frå Lovraeidet mot Sand er skredutsett med vanskeleg topografi og store ur- og skredområde. Standarden på vegen er dårleg, strekninga er gjennomgåande smal, utan gul midtstripe og med krapp kurvatur. «Lovraeid» er registrert som skredpunkt med høg prioritet i nasjonal skredsikringsplan. Strekninga har status som nasjonal turistveg.

Statens vegvesen har utarbeidd reguleringsplan for ein alternativ trasé. Løysinga inneheld ein tunnel på om lag 4 km, ein strekning med veg i dagen nord for tunnelen, ny trafikkløysing i Lovraeidet og utfylling for utvida næringsområde i Lovrafjorden.

Kommunestyret i Suldal vedtok detaljreguleringsplanen i møte 31. januar 2017.