Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

No startar konkurransen om kven som skal byggje 3,1 kilometer ny rv. 36 Seljordsvatnet i Telemark. Arbeidet skal vere i gong etter sommarferien.

Konkurransen blyr lyst ut som totalentreprise, det vil seie at entreprenøren både skal prosjektere og byggje vegen. Entrepriseforma har blitt brukt med gode erfaringar på ulike vegprosjekt, blant anna til bygging av Rv. 36 Slåttekås-Årnes i midt-Telemark.

Ferdig i 2021

Etter planen skal val av entreprenør vere klart før sommaren, slik at arbeidet kan starte på ettersommaren.  Vegen skal vere ferdig i juni 2021.

Langs Seljordsvannet er terrenget kupert, fleire stader stig fjellet stupbratt opp frå vatnet. Slikt terreng er krevjande å byggje ny veg i. Det er nødvendig å sprengje ut cirka 250 000 kubikkmeter fast  fjell for å lage den regulerte vegen  8,5 meter brei.  Bygging av vegen vil også krevje store fyllingar på cirka 230 000 kubikkmeter.
Terrenget gjer at dagens veg må stengjast i lengre periodar fordi det er umogeleg å lage omkøyringsvegar med ein akseptabel ulukkesrisiko.

Reduserer ulukker

Gjennom å rette ut svingar og gjere bakkar slakare, er målet å redusere både utforkøyrings- og møteulukker samtidig som det blir betre for næringstrafikken å kome fram.  Stortinget har vedteke at vegen skal finansierast gjennom bompengar med ei kostnadsramme på 291 millionar kroner.

Den nye vegen skal byggjast i to parsellar, kvar tilnærma 1,5 kilometer lange, på kvar side av Sanden camping som ligg langs Seljordsvannet. I den opphavlege planen var det regulert inn ein tunnel på den eine parsellen. Hausten 2018 blei delar av vegen regulerte på nytt. I den nye planen er veglinja lagd litt om og tunnelen blir erstatta med ein fjellskjæring. Det vil vere fleire fjellskjeringer på strekningane.

Riksveg 36 ved Seljordsvannet
Dagens rv. 36 Foto: Tor Arvid A. Gundersen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark