Riksveg 5 går gjennom Kjøsnesfjorden, ein sidearm til Jølstravatnet, og er ein viktig del av aust-vest sambandet for Sogn og Fjordane med tilknyting til korridoren Oslo-Bergen.

Eksisterande vegtrase langs Kjøsnesfjorden er svært utsett for skred. Terrenget er veldig bratt, med fleire skredløp nedetter fjellsida. Det er gjort sikringstiltak mot skred i fleire omgangar opp gjennom tida, men framleis er enkelte parti utsett for ras og stenging av vegen på grunn av rasfare.

Prosjektet skredsikring av rv.5 Kjøsnesfjorden er ei vidareføring av tidlegare arbeid, og skredsikringstiltaket vil vere ein tunnel på om lag 6,5 km forbi det skredutsette området.

Tunnelen skal byggast som ei forlenging av den eksisterande Støylsnestunnelen vestover til Kjøsnes, og samla lengd blir 8,4 km. "Gamlevegen" langs vatnet blir gang- og sykkelveg tilknytt riksvegnettet.