Loftesnesbrui ligg i Sogndal kommune på rv. 5 rett aust for Sogndal sentrum. Ny bru vart teken i bruk i desember 2017, og gamlebrua frå 1958 vart riven og fjerna. 

Krysset mellom fv. 5 og fv. 55 mot Luster er utforma som ei rundkøyring.

Den nye Loftesnesbrui er av typen nettverksbogebru, med fundament på pelar. Den nye brua har fått eit moderne uttrykk som likevel gjev assosiasjonar mot den gamle brua.