Torsdag 30. november opna ordførar Jarle Aarvoll og avdelingsdirektør Svenn Finden sperringane for dei to første køyretøya på Loftesnesbrui. På midten av bruspennet fekk dei to sjåførane utdelt blomar og gratulasjonar frå prosjektleiar Gunnar Solbakken og byggjeleiar Asbjørn Røneid.

- Dette var supert! Me har fått ei flott bru i Sogndal, og det står stor respekt av entreprenørane som har greid å halda god trafikkflyt i løpet av byggeperioden, seier Kristin Øvstetun frå Sogndal, som førte den første personbilen over brua.

I forkant hadde Aarvoll og Finden halde korte talar ute på brua, for innbedne gjestar og frammøtt presse. Offisiell opning av bruprosjektet kjem til sommaren, når riving av gamle brua, bortkøyring av massar, pynting og tilplantning av området er utført.

- No har me endeleg fått ei skikkeleg bru over Loftesnessundet. Gamlebrua frå 1958 har gjort jobben sin, og no kan alle trafikkantgrupper ta seg trygt fram. Ikkje minst er gangfeltet godt og breitt. Før var det knapt plass til barnevognar, no kan dei trille tre i breidda, sa avdelingsdirektør Svenn Finden.

 Ordførar Jarle Aarvoll takka Vegvesenet og entreprenørane for innsatsen, og gledde seg over å kunne vera med å opna brua for trafikk.

- Dette er er ein stor dag for heile Sogndal. Me har ikkje berre fått ei bru, men også eit nytt landemerke, sa ein tydeleg nøgd Aarvoll.

 Dei siste månadene har alt dreidd seg om å få brua klar for trafikk innan desember. På Sogndal-sida er ei utkraga rundkøyring og ein støttemur bygd opp i betong, og det er lagt opp fyllingar og asfaltert. På sida mot Loftesnes er krysset med lokalveg mot Barsnes justert opp i høgde, og det er mura amfitrapp ned mot fjorden, der folk kan nyta utsyn mot fjorden og bygda.

Sjølve brukonstruksjonen har fem gonger så mykje stål som den gamle, 1250 tonn mot 232 tonn. 42 000 meter armering er brukt berre i brudekket, og rundt 1000 lass med betong er køyrde til anlegget, altså rundt 6000 kubikkmeter med betong.

Neste steg i prosessen er riving av gamlebrua, og det startar etter planen 4. desember. Ein lekter med kran skal i posisjon på innsida av bru, og konstruksjonen skal sagast i mindre stykke og heisast ned bit for bit. Deretter skal fundament i sjø fjernast og overskotsmasse frå fyllingane ved landkara fraktast vekk.

- Riving av brua skal vera ein grei jobb å utføra, men det må utførast varsamt der den gamle brua kjem inn mot den nye. Når gamlebrua er borte, kan arbeidet med å få på plass siste seksjon av den nye brua byrja - slik at me kan få gang- og sykkelveg i full breidde over heile brua, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken.