Her kan du blant anna sjå kva du kan få prikkar for, korleis du kan få vite kor mange prikkar du har, og når dei blir fjerna.

Vil du vite kor mange prikkar du har i førarkortet?

Det finn du ut ved å logga deg inn på politiet sitt nettside, eller ved å møte opp på ein politistasjon og visa legitimasjon. Statens vegvesen kan berre gi deg generell informasjon om ordninga. Vi kan ikkje fortelje deg om du har prikkar eller ikkje.

Kva kan du få prikkar for?
Brot Kor mange prikkar
Brot på fartsgrensa: 11 t.o.m. 15 km/t for fort der fartsgrensa er 60 km/t eller lågare To prikkar 
Brot på fartsgrensa: 16 t.o.m. 20 km/t for fort der fartsgrensa er 70 km/t eller høgare To prikkar
Unnlaten sikring av passasjerar under 15 år To prikkar
Brot på fartsgrensa: f.o.m. 16 km/t for fort der fartsgrensa er 60 km/t eller lågare  Tre prikkar
Brot på fartsgrensa: f.o.m. 21 km/t for fort der fartsgrensa er 70 km/t eller høgare  Tre prikkar
Køyring mot raudt lys Tre prikkar
Ulovleg forbikøyring Tre prikkar
Brot på vikeplikta Tre prikkar
Køyring i sperreområde Tre prikkar
For liten avstand til køyretøyet framanfor Tre prikkar
Køyring med trimma motorsykkel/moped Tre prikkar
Brot på forbod mot mobilbruk Tre prikkar

Dette må du vere merksam på når du har fått prikkar

  • Har du prøveperiode for førarrett i klasse B, får du dobbelt så mange prikkar dersom du gjer feil som gir prikkar i prøveperioden.
  • Får du åtte prikkar i løpet av tre år, mistar du førarkortet i seks månader.
  • Blir du tatt for fleire brot samtidig, får du så mange prikkar som brota gir til saman.

Du får eit varselbrev når du har fire prikkar.

Slik får du prikkar

Du kan få prikkar på to måtar:

  • Politiet stoppar deg for eit brot som gir grunnlag for prikkar.
  • Du blir tatt i ein fotoboks (automatisk trafikkontroll).

Du får då eit forenkla eller eit vanleg førelegg. Dersom du ikkje godtar (vedtar) førelegget, blir saka send vidare til ein domstol (tingretten) som avgjer ho. Prikkbelastinga kjem altså som ei følgje av ein rettskraftig dom, eit vedtatt førelegg eller eit vedtatt forenkla førelegg. Du kan ikkje klage på at du har fått prikkar.

Når blir prikkane fjerna?

Prikkane blir sletta etter tre år frå den dagen du skreiv under på førelegget du fekk, eventuelt etter tre år frå den datoen då endeleg dom i saka vart avsagd.

Når du får tilbake førarretten, blir dei prikkane som førte til at du tapte førarrettane, sletta.

Om ordninga med prikkbelasting

Prikkbelasting vart innført frå 1. januar 2004. Målet med ordninga er å sørge for at bilistane følgjer trafikkreglane og oppfører seg omsynsfullt. Ordninga skal bidra til auka tryggleik og færre drepne og skadde på vegane.