Avlyst oppkøyring
Har oppkøyringa di blitt avlyst på kort varsel, kan du ha krav på kompensasjon.
For å ha rett til kompensasjon, må alle desse kriteria vere oppfylte:
- Oppkøyringa var for klasse B
- Oppkøyringa vart avlyst same dag som prøva skulle blitt gjennomført
- Oppkøyringa vart avlyst på grunn av sjukdom hos sensor
- Du har fått melding om at du har rett til kompensasjon
Oppfyller du ikkje alle krava, har du ikkje rett til kompensasjon.
Kompensasjonsordninga gjeld berre for dei som har fått avlyst oppkøyringa si frå og med 1. april 2025.
Slik får du kompensasjon
Du må fylle inn skjemaet under for å få kompensasjon. Har du rett til kompensasjon, vil du få utbetalt 1800 kr.
Dette dekkjer ikkje nødvendigvis alle utgiftene du har hatt, men er ein fast sum basert på gjennomsnittsprisen av to køyretimar for heile landet.