Bilar med elektrisk motor er utstyrte med eit stort batteri som fungerer som energilager.

Batteriet er normalt integrert i rammeverket til bilen og derfor godt beskytta mot skadar ved ein eventuell kollisjon. Batteriet kan ha ei spenning på opp til 700V og kortslutningseffekten vil vere ekstrem slik at det er all grunn til aktsemd i ein ikkje-normal situasjon. Berøring av straumførande delar med spenning over 50 V kan medføre livsfare.

Vedlikehald av batteri 

Normalt vil alle elektriske delar av drivsystemet vere veldig godt beskytta mot berøring. Dessutan er alle kablar og leidningar, som får spenning frå framdriftsbatteriet, merkte med oransje farge slik at det er lett å skilje kablar med høg spenning frå dei vanlege 12 Volts leidningane i bilen. Ved ein eventuell samanstøyt vil sikkerheitsfunksjonar automatisk kople frå batteriet og det finst også manuelle fråkoplingsbrytarar som kan opererast av brannvesen og redningspersonell. Instruksjonar om dette finst i sikkerheitsinformasjonen for elbilen. 

Det er likevel svært viktig at det elektriske framdriftssystemet til bilen blir halde ved like og ettersett i samsvar med rettleiingane frå produsenten. Dette er nødvendig for å kunne oppretthalde sikkerheit mot elektrisk sjokk og brann som følge av skadar og feil på høgspenningssystemet. Arbeidet må berre utførast av verksemder som er profesjonelle på denne typen service og reparasjon.

Ulik teknologi og kjemi

Forskjellige elbilar kan ha batteri med ulik teknologi og kjemi. Eldre elbilar har normalt ein batteripakke som består av tradisjonelle bilbatteri med låg spenning (blybatteri). Andre elbilar har batteripakke basert på natrium og dette gir høgare effekt og lengre køyrelengde. Nyare elbilar har batteripakkar med litiumteknologi. Dette er i prinsippet mange mobiltelefonbatteri som er kopla saman slik at spenninga blir høg. Litiumbatteri kan lagre mykje energi i eit lite volum (høg energitettleik) og dette vil gi auka køyrelengde. Men ein eventuell brann i eit litiumbatteri kan vere vanskeleg å sløkke og brannvesenet må ofte konsentrere seg om å kjøle ned batteriet med store mengder vatn inntil brannen sløkker av seg sjølv. Reint vatn kan brukast til sløkking av brann i elbil så lenge batteriet er fråkopla og ein ikkje kjem borti spenningssette delar. Høgspenningssystemet er normalt heilt isolert frå bilen sitt karosseri.

Batteri må haldast ved like og ladast slik det er spesifisert av produsenten. Endringar på batteri og ladesystem må berre gjerast i samarbeid med produsenten og samarbeidspartnarane til produsenten. Dersom ladesystemet ikkje er koordinert med batteriet kan dette resultere i overlading og batteriet kan begynne å brenne eller eksplodere.