Garanti for transportløyver
Informasjon til garantist
Statens vegvesen
Org.nr.: 971032081
Garantidokument kan sendast frå garantist via vår sjølvbeteningsløysing.
Garantidokumentet kan også sendast på e-post til eller per post til Statens vegvesen.
Garantisum
Garantisummen for godstransport over 3500 kg og turvogntransport skal ha en kroneverdi tilsvarende 9000 euro for det første løyvet og 5000 euro for de påfølgende i hver løyvekategori. Garantisummen for godstransport mellom 2500 kg og 3500 kg skal ha en kroneverdi tilsvarende 1800 euro for det første løyvet og 900 euro for de påfølgende. Dette gjelder også for felleskapsløyve og nasjonalt løyve for varebil.
Oppsigelse av garanti
Garanti er ein avtale mellom garantist og løyvehavar, og det er berre partane som kan sei opp avtalen mellom seg.
Løyvehavar kan sei opp garantien med umiddelbar verknad. Garantist er i etterkant forplikta til å straks gje Statens vegvesen beskjed om dette.
Dersom garantist seier opp garantien skal ein gje beskjed om dette til løyvehavar og løyvemyndigheita to månader før. Dette betyr at løyvehavar har to månader på seg til å skaffe ny garanti.
Dersom løyvemyndigheita mottar oppseiing av garanti vil det bli sendt ut varsel om tilbakekalling av løyver til løyvehavar med frist for å skaffe ny garanti. Dersom dette ikkje vert gjort innan fristen, vil løyver bli endeleg tilbakekalla.
Dersom løyvehavar sjølv har sagt opp garantien og ikkje har skaffa ny garanti, er ikkje vilkåra for å drive løyvepliktig transport lenger tilfredstilt.
Sjølvbeteningsløysing i Altinn for garantistar
Saksbehandlar for garantisten logger inn med personleg BankID på sjølvbeteningsløysinga i Altinn, før dei vel rett verksemd dei skal representere.
Statens vegvesen mottar ingen personleg informasjon om saksbehandlaren som logga inn.
Før saksbehandlar kan gjennomføre ønska handlingar blir det kontrollert at garantisten har påkrevd konsesjon. Vidare må saksbehandlar ha enkelttenesten «Transportløyvegaranti» på vegne av verksemda dei representera.
Problem med tilgang til løysinga og nødvendig støtte i forbindelse med feilmeldingar kan meldast til . Ikke send personopplysningar.
I løysinga kan garantisten sjå informasjon om eigne garantiar, melde inn nye garantiar og melde om endringar som ombytte på garantiar, utbetalingar og opphør av garantiar.
Offentlig tilgjengelig informasjon om løyvehavars garantiar stilt av andre garantistar vil også vere synlige ved oppslag.