Skal føretaket bruke ein sjåfør frå ein tredjestat, må de søke om førarattest.

Ein førarattest er eit dokument som blir ferda ut av ein medlemsstat i EU/EØS til transportføretak som driv internasjonal godstransport med motorogn eller vogntog med tillaten totalvekt over 2 500 kt, med sjåførar frå ein tredestat som ikkje har permanent opphaldsløyve i ein EU/EØS-stat. 

Førarattesten skal vere med under køyring og skal kunne visast fram ved ein evetuell kontroll langs vegen. Ein attestert kopi av førarattesten skal oppbevarast på forretningsadressa. 

Dette er krava for å søke om førarattest 

  • Transportøren må ha felleskapssløyve for godstransport 
  • Sjåfør må vere tilsett eller stilt til rådvelde for deg som transportør i Noreg og i tråd med norske arbeidsvilkår
  • Sjåføren må ha gyldig yrkessjåførkompetanse frå EU/EØS

Dette må du legge ved søknaden

  • Kopi av arbeidskontrakta til sjåføren
  • Kopi av førarkortet til sjåføren som viser kode 95 eller gyldig yrkessjåførbevis frå EU/EØS
  • Kopi av arbeidsløyve