Blir føretaket avvikla, kan løyva bli tilbakekalla.

Innlevering av løyvedokumenter Logg inn på Di side

Føretaket er sletta

Statens vegvesen vil få varsel fra Brønnøysundregistrene om at føretaket er sletta. 

Dersom løyva ikkje allereie er sendt inn til Statens vegvesen frå transportør, får de eit varsel om at løyva kan bli kalla tilbake. Då har de tre veker på å uttale dykk i saka. Dersom det ikkje skjer nokon endringar i avviklingsprosessen, blir løyva kalla tilbake. 

Føretaket er konkurs

Statens vegvesen vil få varsel fra Brønnøysundregistrene om at føretaket er konkurs.

Dersom løyva ikkje allereie er sendt inn til Statens vegvesen frå transportør, blir dei kalla tilbake uten varsel.

Innlevering av løyver

Ein kan fylle ut skjema på Di side, men utfyllt skjema må lastast ned og skrivast ut for å sende det til oss saman med løyvedokumenta. 

Fyll ut skjema på papir

Skjemaet skal sendast per post, saman med originale løyvedokumenter til:

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

Merk førespurnaden med gods-/turvognløyve.