Ved endring av dagleg leiar, transportleiar eller styreleiar, har føretaket plikt til å melde frå til Statens vegvesen.

Har føretaket skifta transportleiar, dagleg leiar eller styreleiar, skal føretaket melde dette til Statens vegvesen snarast og seinast innan 28 dagar.

Løyva vert kalla tilbake dersom ikkje verksemda innan 3 månader etter skiftet kan dokumentere at det er tilsett ny transportleiar, dagleg leiar eller styreleiar som fyller krava til vandel og fagleg kompetanse.

Slik melder du frå om endring

Skjema «Melding om endring av dagleg leiar/transportleiar» skal fyllast ut fullstendig. I tillegg må de legge ved nødvendig dokumentasjon.

Skjemaet skal sendast til oss, enten via e-post til eller til 

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

Merk med «gods-/turvognløyve».

Politiattest

Ved innsending av skjema og dokumentasjon som inkludera politiattest bør dette sendast i posten sidan politiattesten inneheld sensitiv informasjon. 

Kva dokumentasjon må leggjast ved?

  • Endrar firmaet transportleiar, må de leggje ved politiattest som stadfestar at den nye transportleiaren har god vandel. 
  • Har firmaet endra dagleg leiar må de leggje ved politiattest som stadfestar at den nye daglege leiaren har god vandel. 
  • Har firmaet endra styreleiar må de leggje ved politiattest som stadfestar at den nye styreleiaren har god vandel.
  • Dersom ny transportleiar ikkje administrerer løyvetypen selskapet er innehavar av, må dokumentasjon på fagleg kvalifikasjon leggjast ved.
  • Dokumentasjon på at transportleiar har tilknyting til firmaet ved arbeidskontrakt eller ved innleigekontrakt, eller dokumentasjon på at transportleiar er aksjonær eller har styreverv i føretaket. Ein eventuell innleigekontrakt skal vere signert av begge føretak. Den skal innehalde skildring av arbeidsoppgåver og ansvarsområde i samsvar med forordning 1071/2009, artikkel 4 punkt 2b (PDF, Lovdata).

Spørsmål om endring av dagleg leiar, transportleiar eller styreleiar?