Tilsette i Statens vegvesen, leverandørar og publikum kan rapportere forhold på ein sikker måte gjennom varslingskanalen.

Gå til varslingskanalen

Innspel eller klage?

Ønsker du å klage på eller har innspel om brøyting, salting, skilting, fartsgrenser, vegstandardar, fotoboksar, val av vegtrasear, eller eit vedtak frå Statens vegvesen?

Kva kan rapporteres i varslingskanalen?

Du vel sjølv om du vil oppgje personlege opplysningar.

Du kan varsle om dette:

  • Kritikkverdige forhold i Statens vegvesen og i aktivitetar og oppgåver som blir utførte av andre verksemder på vegner av Statens vegvesen. Til dømes korrupsjon eller andre økonomiske mislegheiter, brot på lover, reglar og retningslinjer, svikt i sikkerheitsrutinar og fare for liv og helse, arbeidsforhold i strid med krava i arbeidsmiljølova og uforsvarleg sakshandsaming.
  • Samfunnsskadeleg og kriminell aktivitet relatert til trafikantar og køyretøy der Statens vegvesen ikkje er part. Til dømes ikkje godkjente verkstadar, ulovlege trafikkskolar, ulovleg ombygging av køyretøy, juks ved teoriprøvar og transportkriminalitet.

Vi anbefale òg varslingskanalen dersom du er tilsett eller innleidd i Statens vegvesen og ønsker å varsle om kritikkverdige forhold.

Kven handterer varslinga?

Varsla blir mottekne og handterte av Internrevisjonen i Statens vegvesen. Om du ønskjer, kan tilsette i advokathuset PwC  motta varselet, til dømes dersom varselet ditt gjeld den øvste leiinga i Statens vegvesen eller tilsette i internrevisjonen.

Tips om samfunnsskadeleg og kriminell aktivitet relatert til trafikantar og køyretøy der Statens vegvesen ikkje er part, blir fordelte til Krimseksjonen i Statens vegvesen.

Varsel og tips