Statens vegvesen tilbyr eit API for oppslag på tekniske køyretøydata. Du kan slå opp på understellsnummeret eller registreringsnummeret til køyretøy.

Bestill API-nøkkel Logg inn

Oppslaget gir eit tilnærma komplett og oppdatert datasett om eit aktuelt køyretøy, men du får ikkje informasjon om eigarar eller informasjon som kan identifisere eigarar av køyretøy.

Tenesta er tilgjengeleg for alle

API-et er tilgjengeleg for bruk av alle privatpersonar og verksemder, men krev at du først bestiller ein API-nøkkel. For å bestille API-nøkkel på vegne av ei verksemd må du ha dei riktige rettane i Altinn for verksemda, anten rolla "samferdsel" eller rett til tenesta "Eier og kjøretøyopplysninger"

Når du har dei riktige rettane i Altinn, kan du logge inn i nettsidene våre som privatperson. Der kan du velje å representere ei verksemd, og søkje om API-nøkkel. Søknaden blir automatisk behandla, og gir straks svar. Det gjeld likevel ikkje personar som tidlegare er utestengde frå å bruke tenesta.

Tilgang til eit rikt datasett

Tenesta gir tilgang til heilt ferske data og eit rikt og godt strukturert datasett. Med API-nøkkelen får du tilgang til det tekniske datasettet for eit køyretøy, som blant anna inkluderer

  • ytre mål
  • vekt
  • motor og motoryting
  • bremser
  • akslar og akselavstand
  • godkjende dekk- og felgkombinasjonar

I tillegg inneheld tenesta datoen for førre EU-kontroll og frist for neste. Tenesta inneheld òg datoar for når køyretøyet vart registrert i Noreg første gong og når det vart registrert på noverande eigar for første gong. Du får ikkje kilometerstanden på køyretøyet i tenesta.

Slik bruker du API-nøkkelen

Sjå komplett innhald og dokumentasjon i informasjonsportalen vår.

Dette skil tenesta frå liknande tenester

Tenesta gir tilgang til eit dagsoppdatert og komplett teknisk datasett der du kan slå opp på kjennemerkekombinasjon eller understellsnummer. Dette skil seg frå tilsvarande tenester vi tilbyr.

Kontakt oss dersom du har spørsmål om tenesta eller bruken av API-et.