Innsyn etter offentleglova
I eInnsyn blir Statens vegvesen sine postjournalar publiserte, som er i samsvar med offentleglova §10.
Du har rett til å søkje og bestille innsyn i dokumenta som blir publiserte på eInnsyn. Som brukar kan du søkje fritt i løysinga, og be om innsyn i dokument som ikkje er publiserte i fulltekst - heilt anonymt og kostnadsfritt.
Statens vegvesen har postjournalar på eInnsyn tilbake til 27. mars 2012.
Postjournalen omfattar dei seks divisjonane til Statens vegvesen, og Vegdirektoratet. Vegdirektoratet er eit forvaltningsnivå. Dokument mellom divisjonane og Vegdirektoratet kjem fram i postjournalen som interne notat, men blir ikkje rekna som organinterne dokument etter offentleglova §14 (Lovdata). Inntil vidare er avsendar/mottakar på enkelte av desse ikkje synleg i postjournalen. Dette skuldast den tekniske løysinga Digitaliseringsdirektoratet har valt. Digitaliseringsdirektoratet eig eInnsyn.
Innsyn i annan saksdokumentasjon
Du kan bestille innsyn i dokument frå før 27. mars 2012 eller annan dokumentasjon, på . Gi så mange detaljar som mogleg om kva du ønskjer innsyn i, slik at vi klarer å identifisere saka eller dokument du ønskjer innsyn i.
Klagerett
Om du vil klage på avslag på innsynskrav, er det Vegdirektoratet som er klageinstans. For saker som tilhøyrer Vegdirektoratet, er Samferdselsdepartementet klageinstans.